Små toppar, stor glede

Eg heiter Hanne, er 40 år. Eg har vore ‘sjuk’ snart i tre år. Skriv sjuk i hermetegn for eg vil ikkje kalle meg sjuk!

Det begynte med verk i ryggen, som vart ei merkelig smerte, det viste seg å være en stor svulst på venstre nyre. Nyra måtte vekk og det vart tatt prøve, og det viste seg at det var ein godarta svulst. Eg slo meg til ro med det, og fungerte godt med ei nyre.

Så var det tid for kontroll etter noen måneder, og da viste det seg at det var en del forstørra lymfeknuter i området. Det vart en stor operasjon og de skar vekk noen lymfer. Det ble sendt inn til analyse, det var same som i nyra, men no vart de veldig i stuss på kva dette var, prøvene ble sendt til ekspertisene, men intet fornuftig svar.

Mange runder
Måneder gikk og eg kom meg i form att etter den store operasjonen. Så ny kontroll, enda fleire lymfer var angrepet. Ny operasjon igjen, der dei fjerna so mykje dei kunne. Eg var da to gongar på under eit halvt år kutta i fra brystet og ned til bikinilinja, så det var berre å prøve å kome seg på beina igjen. Trass mykje smerter gikk det denne gongen også.

Ny runde med prøvene, ingen kunne gi meg noko skikkelig svar på kva skulle no skje. Mykje venting og uvisse, men i samråd med det beste teamet på nyrekreft i landet ble det bestemt at eg skulle ha 25 strålinger.

Det var tøft; eg vart veldig dårlig og svak men kom meg på beina att den gongen og. Nye undersøkelsa og det viste seg at stråling hadde hjelpt, det var helt uvirkelig at det endelig skulle være noko positivt. For eg følte eg hadde hatt so mykje motgang at det kunne umulig gå bra, og midt oppi dette fekk mamma brystkreft. No følte eg at eg ikkje kunne glede meg over at det gikk bra med meg hvertfall!

Turkamerat Hanne
Doffen i solnedgang, tatt i vinter. Hund er den beste terapi.. Han er en King charles spaniel. Ein gledesspreder og turkamerat. Eg skaffa meg hund når eg vart sjuk. Det var eit bevisst valg for da visste eg at eg måtte opp fra sofaen..

Tre måneder etter eg var ferdig med strålingen begynte eg på jobb igjen. 75 prosent som hjelpepleier i tenesta for funksjonshemma. Det var godt å kome seg i jobb att  og tenke på noko anna enn seg sjøl og si elendighet.

Ny kontroll, alt var fortsatt fint, en gledens dag! Da var mamma også ferdig med cellegift, operasjon og stråling, so no var det lettare å kunne glede seg over att denne kontrollen også gikk bra. Eg jobba å sto på til neste kontroll som også gikk bra, men da var det som lufta gikk ut av meg.Det hadde nok tatt på meir enn eg ante att både eg og mamma fekk kreft samtidig, det vart som det vart dobbelt opp med bekymring og spenning.

Lufta gikk ut
Eg vart so slapp og sliten, orka ingenting. Eg vart engstelig å frykta det verste – tilbakefall. Vart sjukmeldt. Legen forsto ikkje, sa berre at eg trenge å slappe av litt. Eg gjorde så,men det gjorde ikkje ting noko bedre.

Eg gjekk lenge å grubla og tenkte eg at sånn kan eg ikkje ha det, eg må berre presse meg sjøl tilbake i form. Meldte meg inn på treningsstudio og fekk tilrettelagt av fysioterapeut. Dei første gangene låg eg neste dag, men so gikk det bedre.

Innimellom sjukdommen har eg og gått i fjellet, men no tenkte eg at eg må berre prøve det igjen.Pressa meg på små turar og ble liggende neste dag. Men so plutselig klare eg å gjere meir og er oppegående neste dag. En ubeskrivelig god følelse, og en stor seier
Helt fantastisk å våkne en morgen å kjenne at en føle seg opplagt og glad, og vil ut på tur.

Eg er no i full jobb og det fungera veldig fint. Ikkje minst godt å ha noko å engasjere seg i, da er tankane heilt vekk!

Eg som frykta fatigue, trur nok ikkje det var det likevel. Eg føler legane sei veldig lite om fatigue, men kanskje det er bevisst?

No føle eg at lev på seks måneders kontrakt i mellom kontrollane, men eg prøve å ikkje bekymre meg for mykje om det, prøver å leve eit normalt liv, men har fått eit heilt anna perspektiv på ting, noko som kanskje gjer ein litt egoistisk.

Å leve i nuet
Men vil so gjerne være frisk og «normal», prøver stadig å overbevise meg om at eg er det, men so kjem det nokre plager/symptom, å da frykte eg det verste att.  Da kjem angsten…Har da funne ut at å kome seg ut på tur med min nydelige cavalier, kameraet og musikk på ørene er den beste medisin.

Dette er det nok mange andre her på sida som kjenner seg igjen i dette med all denne usikkerheta hengandes over seg konstant.

Denne veka var eg på kontroll med MR mm. Og neste veke får eg vite svaret. Så det er atter spennande tider.

Eg prøve å ikkje bekymre meg for mykje, for det fører berre til at eg blir enda verre. Legen sei at det er stor sjans for at det kan kome tilbake. Men en får berre ta en dag i gangen, og gjere det beste ut av kvar dag. Men eg har hvertfall fått bevist overfor meg sjøl att trening er den beste medisin, både fysisk og psykisk. Sjøl om dørstokkmila er lang, so er det jammen verdt det 🙂

Mine beste råd:
Prøv å ikkje fokuser på sjukdommen heile tida, fortreng litt at du er sjuk. Prøv å leve som normalt å være med på dei tinga som du gjorde før, ihvertfall dei dagane du er i form til det. Har eg en dårlig dag veit eg att i morga blir det bedre, so hold ut. Ikkje mist motet, men når en lev med ei uviss diagnose syns eg dette ordtaket passer meg godt:

Drøm om morgendagen, husk gårsdagen, lev i dag

Hanne Foldal

Kommentarer

50 thoughts on “Små toppar, stor glede

  1. Hanne Foldal says:

    Tusen takk til dere som har lest og kommentert, litt godt å kunne dele tankene med folk som er i same situasjon, enten som pasient eller pårørende..

  2. Gunvor Svensli says:

    Fantastisk godt skrevet,Hanne ❤️ Du er ei tøff og flott jente!Og er så herlig å se de flotte bildene av Doffen og turene dine i fjellet!Og det er terapi for mykje å gå tur med en hund med musikk i ørene,og nyte naturen.Gir energi.Som sagt,du er ei super jente!

  3. Irén Aambø says:

    Kjære Hanne !! <3 Tusen takk for at du deler, det kan sikkert hjelpe mange. Her har du ein stor "god betringsklem", syns du er veldig tøff og til inspirasjon for mange. <3

  4. Hanne Foldal says:

    Tusen takk for all fine ord eg har fått etter innlegget mitt, eg er heilt rørt!
    Ein takk til Eyrun som gjer ein kjempejobb med KREFTKAMP, som gjer det mulig for oss som pasienter eller/og pårørande til å dele tankar og erfaringer i ein vanskelig livssituasjon

  5. Toya Bergersen says:

    Du er utrolig tøff! Kan skjønne at den psykiske belastningen er stor og tøff å stå i, men det virker som du takler det veldig bra. Du er sterk! Krysser fingrene og heier på deg. 🙂 Psst, du tar fantastiske bilder!

  6. Siv Anita Kolstadmoen says:

    Må si at du er ei kjempe tøff jente Kan kjenne meg igjen i mye av det du skriver, dette på grunn av kreft i nær familie…. Uvisheten er det værste

Legg igjen en kommentar