Min tøffeste konkurranse

9. november 2007 står igjen som ein dag eg aldri kjem til å gløyma. Dette var dagen då eg fekk beskjeden om at det kom til å verta eit par tøffe år framover i tid.

På same måten står 12. mai 2010 og igjen som ein dag eg alltid kjem til å hugsa på, dette var dagen eg tok dei siste cellegifttablettane.

Beskjeden
Eg hugsar det som skjedde denne dagen i november som om det var i går. Etter å ha vore på Haukeland for utgreiing i eit par dagar vart det bestemt at det skulle takast ein beinmargsprøve. Dette for å finna ut om eg hadde leukemi.

Slik legane fortalte det i ettertid var ikkje det å finna beinmarg hos meg veldig lett, det var visst nesten tørt inni knoklane mine. Sjølv hugsar eg berre at eg hadde vondt for å gå, sitta og stå i ettertid fordi dei hadde stukke på begge sidene nedst på ryggen. Etter prøven gjekk det tre eller fira timar før legen kom tilbake og sa at ho ville snakka med meg og mamma i einerom. Der fekk eg fortalt at eg hadde leukemi, og me fekk forklart korleis dei ville gå fram for å behandla meg.

Dette var eit sjokk for ein 13 år gammal gut, i alle fall når eg følte meg frisk. Berre nokre veker tidlegare vart eg Vestlandsmeister i både skogsløp med skyting og orientering. Og no sat eg altså på barneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus med ein diagnose som tilsvara livsfarleg sjukdom i mine auge.

Første skirenn
Dei to første bileta er frå mitt første skirenn etter diagnosen, ca 3 månader etter diagnosen (mars 2008). Hadde fått beskjed om at eg ikkje måtte ta meg heilt ut på dette rennet, og gjekk difor berre med moderat fart, men det var vanvittig deilig å endeleg få lov til å konkurrera igjen.

 

Første skirenn2

Behandling og oppfølging
Eg fekk diagnosen på ein fredag, difor kunne eg ikkje starta behandlinga med ein gong, men allereie påfølgande måndag var behandlinga i gong. Eg fekk fyrste av ei rekkje cellegiftkurar, totalt sett vart eg behandla med cellegift i to og eit halvt år. Desse kurane takla eg mykje betre enn det legane trudde eg skulle gjera.

Ei historie eg ofte fortel er det at legane den tiande dagen etter fyrste kur kom inn på rommet mitt og sa det at dersom eg ikkje hadde feber no, så kunne dei vedda på at eg ville få det i løpet av dei neste par dagane. Dessverre vedda eg ikkje imot.

Eg synest at dette er eit godt eksempel på korleis eg opplevde det å leva med ein kreftsjukdom. Eg følte meg ikkje sjuk, fungerte likt som dei fleste andre på min alder gjorde, og flytta heim frå sjukehuset etter berre tre veker, legane hadde førespegla minst 8 veker på sjukehus i byrjinga. Behandlinga gjekk difor så å seie smertefritt for seg for min del, eg gjekk på skulen som vanleg, i alle fall nesten, og prøvde så godt som mogleg å vera med på dei same fritidsaktivitetane som tidlegare.

Oppfølginga etter at eg slutta med cellegift har òg vore god. Eg er jamleg inne til kontrollar, og på desse kontrollane finn dei heldigvis ikkje noko som tyder på at eg får tilbakefall av sjukdommen.

Idretten
Som eg nemnde tidlegare hadde eg ganske gode resultat frå idrett før eg vart sjuk. Dette er noko som har vore med meg heile livet, eg har alltid vore glad i å vera i aktivitet. Dette førte til at eg som 6-åring fekk prøva skiskyting for fyrste gong. Det klikka for å seie det slik, etter at eg fekk prøva handla det berre om å raskast mogleg bli åtte år slik at eg kunne byrja å konkurrera.

Dette engasjementet for idrett førte jo vidare til at eg var i god fysisk form då eg vart sjuk, dette trur legane har vore positivt med tanke på korleis kroppen har takla medisinane.

Eg er i tillegg overbevist om at dersom eg ikkje hadde hatt skiskyttarmiljøet, som eg kunne vera med  i utan at eg sjølv gjekk sidan systera mi som er eit år yngre dreiv med det, så hadde eg nok ikkje orka å vera så positivt innstilt og kamplysten som det eg var.

Målet har alltid vore å komma tilbake til det nivået eg hadde før eg vart sjuk, og fortsetta utviklinga slik at eg ein gong i framtida forhåpentlegvis kan verta ein av dei beste skiskyttarane i Noreg og verda.

Dette skjedde sist sesong, andre helga i mars vart det arrangert junior NM i skiskyting i Sirdal. Her klaffa det skikkeleg for meg, i løpet av helga gjekk eg to individuelle konkurransar og ein stafett. Det enda med at eg etter helga kunne reisa heim med to individuelle NM gull og ein fjerdeplass på stafetten der eg hadde best etappetid av alle. Dette førte òg til at eg neste sesong er med på juniorlandslaget i skiskyting.

Skirenn
Dette er frå sprinten i jr-NM 9.3.13 Første gong med gul startnummer som betyr at eg leia norgescupen i menn 19 år på dette tidspunktet. Veldig godt gjennomført konkurranse med 9 av 10 treff og bra fart i sporet. Fekk sekundering om at eg leia med 8 sek ut frå siste skyting og vart «jaga» mot mål. Enormt deilig å koma i mål og få veta at ein leiar og at ingen av dei som starta etter deg har moglegheita til å slå deg.

Vilje og innstilling
Det eg ønsker å få fram gjennom dette innlegget er at viljen har ekstremt mykje å seie for korleis ein klarar seg gjennom ein tung periode. Vær positivt innstilt og tenk positive tankar så lenge det let seg gjera så er eg sikker på at det vil gå betre enn om du berre tenker negative tankar.

I tillegg så hjelper det med fysisk aktivitet, det treng ikkje vera joggeturar og den slags, men berre det å bevega seg utandørs ei lita stund kvar dag var for meg heilt nødvendig, og veldig viktig.

Mitt beste råd
Vær positiv, hald motet oppe. Litt fysisk aktivitet kvar dag er viktig både for kropp og humør.

Martin Femsteinevik

 

Kommentarer

14 thoughts on “Min tøffeste konkurranse

  1. Astri Pedersen says:

    Helt fantastisk å lese. Glemmer ikke da jeg besøkte deg i Bergen, og heller ikke da du og familien var på besøk hos meg i Haugesund. Kjempeglad for at alt har gått fint med deg Martin. Masse lykke til med skiskytingen. Stolt av deg <3

Legg igjen en kommentar